Alle ordinært tilsette skal ha gyldig polititattest når ein startar i bedrifta
Tilsette har eit ansvar for å vere lojal til oppdraget vårt i høve avtalar med NAV og kommune, og bidra til å oppfylle våre pliktar.
Alle tilsette har teieplikt om personlege opplysningar og opplysningar som gjeld verksemda. Alle underteikner erklæring når dei startar i arbeidsforholdet.
Vårt ansvar og vår rolle gjeld også etter arbeidstid. Det vil seie at ein ikkje har ei privat rolle i den enkelte sitt privatliv.
Vi skal ha open dialog med samarbeidspartnar om utfordringar og utvikling
Av respekt skal ikkje tilsette nytte mobiltelefon når ein er saman med tenestemottakar då dette flyttar fokuset vekk frå pliktene
Vi skal vere gode førebilete både på jobb og fritid. Det vil seie at kva ein seier og kva ein gjer reflekterer tilbake til oss som rollemodellar.
Vær merksam på at enkelte kan mistolke det dei høyrer. Sarkasme og ironi må brukast med varsemd.
Vi skal vere trygge omsorgspersonar som den enkelte kan stole på og kjenne seg ivaretatt av.
Det skal leggast til rette for at alle kan ta opp personlege utfordringar, men vi skal sikre personvernet og sørge for at den enkelte ikkje deler ukritisk og for mykje av seg sjølv.
Vi skal ha kultur for å drøfte problemstillingar som gjeld arbeidet. Våre arbeidsleiarmøter er eit fora for dette. Vær varsam med å prate om sensitiv informasjon i gangar og opne rom. Er det saker alle bør vere involvert i, må ein vente til møtet. Det er ikkje alt alle må vite. Dei sakene som kan løysast mellom få partar tek ein opp for seg sjølv.
Vi har egne varslingsrutinar ved brot på etiske retningslinjer i personalhandboka. Reaksjonar ved brot på retningslinjene vert retta mot ansvarlege enkeltpersonar.
Det vert gjennomført årleg undersøking for personalet om retningslinjene vert halde. Retningslinjene skal evaluerast årleg.
Etiske retningslinjer
Etiske retningslinjer er rettesnor for handtering av etiske problemstillingar som oppstår for ordinært tilsette på Opro. Nokre av retningslinjene er konkretisering av våre verdiar. Etiske retningslinjer skal rettleie kva praksis vi skal ha og tydeleggjere kva type åtferd som forventast i kva situasjonar. Retningslinjene er gjort relevante for vår organisasjon og kjem i tillegg til retningslinjer for etikk og trivsel som er utarbeida ilag med VTA-tilsette.
Forventningar frå tenestemottakar, hjelpepersonar, eigar, kundar, tenesteleverandør, tilsette, styret, samarbeidspartnarar er viktig for oss å respektere og vi ønskjer å ha ein open dialog med mål om ei felles forståing om tenesta vår.
Retningslinjene for etikk og trivsel er utarbeidd av tilsette og tenestemottakarar på husmøte 29.april og 24.juli 2021.
Vi bruker informasjonskapsler på nettstedet vårt for å gi deg den mest relevante opplevelsen ved å huske dine preferanser. Ved å klikke “Godta”, samtykker du i bruken av alle informasjonskapslene.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler for å forbedre opplevelsen din mens du navigerer gjennom nettstedet. Ut av disse lagres informasjonskapslene som er kategorisert som nødvendige i nettleseren din, da de er avgjørende for å fungere med grunnleggende funksjoner på nettstedet. Vi bruker også tredjeparts informasjonskapsler som hjelper oss med å analysere og forstå hvordan du bruker dette nettstedet. Disse informasjonskapslene lagres bare i nettleseren din med ditt samtykke. Du har også muligheten til å velge bort disse informasjonskapslene.
Nødvendige informasjonskapsler er helt essensielle for at nettstedet skal fungere skikkelig. Denne kategorien inkluderer bare informasjonskapsler som sikrer grunnleggende funksjoner og sikkerhetsfunksjoner på nettstedet. Disse informasjonskapslene lagrer ikke personlig informasjon.
Alle informasjonskapsler som kanskje ikke er spesielt nødvendige for at nettstedet skal fungere, og som brukes spesifikt for å samle inn brukerens data via analyse, annonser, annet innebygd innhold, blir betegnet som ikke-nødvendige informasjonskapsler. Det er obligatorisk å skaffe brukernes samtykke før du kjører disse informasjonskapslene på nettstedet ditt.