Dagsenter 1

Dagsenter

Dagsenteret på Opro AS er Osterøy kommune sitt dagtilbod for utviklingshemma. Tilbodet er ikkje produksjonsretta og har som mål å øve brukarane i å ivareta tillærde funksjonar, samt å følgje opp mål og planar for den enkelte.

Dagsenteret jobbar aktivt med at alle brukarane skal trivast og at dei skal få moglegheit til å få utvikla sine ressursar, ivareta tillærde funksjonar og få dekka sine behov. Målet er å skape gode og meiningsfylte aktivitetar tilpassa den enkelte.

Våre brukarar gjer blant anna:

  • Vi strikkar både for hand og på strikkemaskin og tovar produkt som vi har for sal.
  • Tur i nærområdet kvar veke
  • Matlaging, klesvask, kjøkkenteneste, arbeid for andre avdelingar
  • Trene på å oppretthalde dugleikar knytta til personleg hygiene og spisesituasjonar
  • Felles aktivitetane våre er morgonsamling med planlegging av dagen, trening tysdag og torsdag, film og spel om fredagen og varm lunsj ilag med alle på Opro på torsdagane.

Personalet på dagsenteret er Therese Frantzen som avdelingsleiar, samt Vibeke Presttun og Øyvind Wie som miljøarbeidarar.