
Meir enn ein arbeidsplass
Geir Egil har snart vore tilsett hjå Opro i 17 år. Her jobbar han mellom anna som vaktmeister. Jobben er lagt til rette for at han skal kunne ta pausar når han sjølv har behov for det.
Vegen til fast jobb på Opro har vore lang. Ei arbeidsulykke for mange år sidan snudde heile livet på hovudet og for 25 år sidan konkluderte legen med at han var ufør. Situasjonen var ganske stussleg og i ti år sat eg berre heime og glodde i veggen. Rett og slett grufullt.
Dårleg helse prega livet hans. Tilværet tæra på psyken. For å finne ein utveg av det monotone livet, kom han til slutt i kontakt med Opro.
– Å gå i jobb gir livet meining. Ein føler seg verdifull når ein har ein plass å gå til.
Geir Egil får utbetalt uføretrygd frå Nav, men får i tillegg bonusløn frå Opro. I Opro får ein tett oppfølging og målet er å kvalifisere den enkelte til å kunne jobbe i ein ordinær bedrift dersom det er mogleg.
– Opro er den viktigaste arbeidsplassen på Osterøy, kjem det resolutt frå tidlegare styreleiar Johannes Bysheim. Opro er for mange eit springbrett tilbake til ein «vanleg» jobb etter ein skade eller ein har kome litt skeivt ut i livet. Men, for mange er Opro også ein arbeidsplass kor ein kjenner seg trygg og heime. Mange slit med det å berre kome seg opp og på jobb om morgonen. Andre har knapt nok hatt ein jobb, medan somme treng berre det å vere ein del av eit fellesskap.
Den nye styreleiaren, Hjalti Gislason nikkar og tenker seg om.
– Ein treng å utvide tilbodet, for det er på ein arbeidsplass ein er synleg – ikkje gøymd bort i stova si. Å vere i eit fellesskap – å bli sett og verdsett aukar livskvaliteten samstundes som ein kjempar mot utanforskap.
– For å forhåpentlegvis kunne utvide tilbodet til dei som har eit behov og ønske for å kome tilbake i arbeidslivet ønskjer me eit tettare samarbeid med kommunen. Det same gjeld næringslivet i Nordhordland. Me ønskjer at fleire skal ta kontakt for at me saman kan få fleire menneske ut i arbeid, seier dagleg leiar Torill Magnussen.
– Men me må også gjere oss synlege for fleire. Også for alle dei som sit heime og tenkjer «nei, dette er ikkje noko for meg». Alle er ein ressurs, uavhengig av kva bakgrunn og kva behov ein måtte ha, seier Magnussen.
Men, Opro-leiaren vil og viske vekk eventuelle fordommar folk måtte ha knytt til bedrifta.
– Opro er ei bedrift kor ein kan vekse, få utvikle seg – ha meiningsfylte arbeidsoppgåver. Vi er ein inkluderande plass kor det finst rom for dei aller fleste.